29. november 2009

Årets julebok


Ein av mine yndlingslyrikarar, Hilde Myklebust, har denne seinhausten kome med si første barnebok, biletboka Jon og den lange julenatta, med fine illustrasjonar av Inger Lise Belsvik.

Eg har følgt boka si tilbliving frå eg første gong høyrte om henne i fjor på desse tider, og i kveld fekk eg endeleg lese henne sjølv. Ho var like fin som venta. Eit nydeleg poetisk og enkelt språk, klare, sterke bilete og sansingar, og ei fin historie om guten Jon som vél å tilbringe julenatta i stallen saman med hesten sin, Tyra, som skal ha føl.

På vegen attende til huset merka ikkje Jon snøen. Det var som om ikkje noko anna fanst enn tanken på det som skulle hende. Han sprang. Trampa opp trappa, kasta seg inn døra og ropte:
- Det kjem i dag! Følet kjem i dag!
Mor og far sleppte det dei hadde i hendene. Ei julekule singla mot golvet. Jon stod i gangen. Kvit av snø, raud av glede.


Det var ikkje fritt for at eg blei litt rørt av den fine forteljinga, og eg veit iallfall om to små jenter som får denne harde pakken under juletreet om nokre veker.

Les utdrag frå, og meir om boka HER.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Veldig fin. Småkrypguten likte den veldig godt!

Aina Basso sa...

Det er bra! Eg håper dei to små jentene kjem til å like boka, òg. Kan ikkje forstå noko anna, særleg sidan begge er veldig glade i dyr og begge har hundar dei godt hugsa korleis det var å få.

Lille søster sa...

Skal kjøpes og leses!