18. januar 2013

Forfattaren frå Tornedalen

I 1880-åra innvandra forfedrane mine på farssida frå Finland til Finnmark og slo seg ned i Nord-Varanger, omtrent midt mellom Vadsø og Vardø, i ei lita bygd som på norsk heiter Skallelv, og på finsk - som var språket som blei snakka i bygda - Kallijoki.

Dei finske forfedrane mine kom i hovudsak frå ein liten stad nær Oulo, ved namn Ii, men så vidt eg har forstått var det ingen av dei som var frå Tornedalen, øvst i Bottenvika på grensa mellom Finland og Sverige, der flesteparten av dei norske kvenane kjem frå. Vi blir likevel rekna med til den kvenske minoriteten i Noreg. Forfattaren Mikael Niemi er tornedalsfinne og har skrive fleire bøker om det tornedalsfinske miljøet, særleg frå tettstaden Pajala, og den mest kjende boka er Populærmusikk fra Vittula, som sikkert mange kjenner til.

Tornedalen tilhøyrer i dag Sverige, men folk i området har, slik det også er tilfellet mange stader i Finnmark, behalde ein gammal finsk dialekt, som i Noreg blir kalla kvensk eller norskfinsk, og i Tornedalen heiter meänkieli - "vårt språk". Området rundt har mange artige stadnamn, som Sodankylä (Sådangulæ) og Haparanda, for ikkje å snakke om Jokkmokk!

Den kjende presten og botanikaren Lars Levi Læstadius budde også i Pajala, der han virka som prest på midten av 1800-talet, og det er han som er årsaka til at mi farmor og mange andre, særleg av samisk og finsk opphav, var læstadianarar - ein streng form for kristendom, som i det ytre arta seg i forbod mot pynt, drikk, kortspel og popmusikk, og som særleg godt viser på jentene som ikkje får klippe håret og må gå med lange skjørt. Mi farmor var heldigvis ikkje så streng, i barndomsheimen til far min hadde dei både juletre, gardiner og potteplantar.

Men tilbake til Mikael Niemi, som blei intervjua av Erlend Loe på Litteraturhuset i Oslo onsdag som var, og som eg var og høyrte på. Han var der for å lansere den nye boka si, Fallvann, som er ein slags katastroferoman. Endåtil ein underhaldande katastroferoman, kan det sjå ut til. Forfattaren sjølv klarte iallfall å underhalde oss som var i salen, sjølv om det blei vel lite snakk om det finske opphavet hans som eg er interessert i å vite meir om. Særleg imponerte Niemi som historieforteljar, han tok salen med ei forrykande historie om korleis han måtte steppe inn som bassist då Nazareth vitja Pajala på 1980-talet. Om det var sant, det han fortalte, er ei anna historie.

Ingen kommentarer: