7. november 2013

Urd

Frå 'Mytiske kvinneskikkelser' på Litteraturhuset i Bergen. Foto: David Aasen
I år som i fjor er det nominert fleire diktsamlingar til Brageprisen, eg veit ikkje om det er ein ny trend, men det er iallfall fint, for det er mykje god, norsk lyrikk som fortener all merksemda han kan få.

Ruth Lillegraven er ei av dei som er nominerte til vaksenbokprisen i år, og ho er i godt selskap med Øyvind Rimbereid, Nils Chr. Moe Repstad og Dag Solstad, som er den einaste som er nominert for prosa i kategorien «skjønnlitteratur».

Eg møtte Ruth Lillegraven til ein samtale om mytiske kvinneskikkelsar i Bergen tidlegare i haust, saman med Pedro Carmona-Alvarez, som også er aktuell med fersk og fin diktsamling, Sanger for kor - det heile stødig leia av Bokmagasinets Karin Haugen.

Eg las Urd i samband med dette møtet, og likte boka svært godt. Det er to historier i boka, om to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret, Seselja og Cecilie. Liva deira blir knytte saman av eit hus på ein gard på Vestlandet, og det er eit fint og respektfullt portrett av to kvinner, med svært forskjellige liv og vilkår. Her er eit dikt frå boka, der Cecilie, som har mann og er gravid med tvillingar, tenker på Seselja og korleis hennar liv kan ha vore:

2

ho budde i 
dette huset
sydde for
heile bygda
sydde skjorter
kjolar og vestar
bringeklutar og
forkle, kåper
og frakkar
ein stri
straum
av klede
nye klede
og gamle klede
måleband, nål og
tråd, stadig nye krav
sy inn, sy ut, leggje
opp, leggje ned

ho sydde og 
smilte, gjorde
alt dei venta 
av henne

men 
aldri vart
ho gift

lengta ho etter
dette som vi har
som vi nesten
gløymer at 
vi har

denne 
bregnemjuke
fugleungemjuke
tråden som spinn
mellom oss


Det er ei fin bok, og eg ønskjer Ruth Lillegraven hjarteleg til lukke med nominasjonen - og lukke til!

Dei fire Brageprisane, i kategoriane Open klasse - faktabøker for vaksne, Barne- og ungdomsbøker, Sakprosa og Skjønnlitteratur, blir delte ut den 19. november, og HER kan du lese meir om alle dei nominerte.

1 kommentar:

Monica sa...

Hei Aina, jeg har en skoleoppgave hvor jeg skal skrive om en nynorsk forfatter, men jeg finner ikke så veldig mye info om deg eller boka de. jeg skal skrive om boken "ingen må vite". dersom du ser denne meldingen, kunne du sendt meg en mail? min mail er : monicawevjen@hotmail.com

:)