13. november 2015

Må det handle om meg?

Jan van Eyck måla seg sjølv inn i spegelen (utsnitt)
I går, på min vanlege lufte- og spasertur, høyrde eg på den nyaste episoden av Norsk bokpodkasting, der kritikarane i NRK diskuterer aktuelle bøker. Ei av bøkene det blei snakka om er den siste historiske romanen til Thorvald Steen, Det usynlige biblioteket. Eg har ikkje lese boka sjølv, så eg baserer referatet på det eg har høyrt og lese meg til frå andrehandskjelder.

I romanen møter vi Aleksander den store, som ligg for døden, Aristoteles og forfattaren sjølv, altså Thorvald, som er dårleg av ein muskelsjukdom. I tillegg får vi møte Phyllis frå Makedonia, kokka og elskarinna til både Aleksander og Aristoteles, for det er ho som skriv ned historia om Aleksander.

Mykje i denne boka er sjølvsagt oppdikta, slik det alltid må vere med historiske romanar. Og som det alltid er i historiske romanar har forfattaren dikta rundt verkelege kjelder og også funne på nokre eigne. Det meir uvanlege er at forfattaren sjølv er til stades i teksten for å både fortelje si eiga historie og for å kommentere eiga skriving og eigen research undervegs. Dette er ikkje noko nytt, sjølvsagt. Det er blitt gjort før, også i den historiske romansjangeren. Men det er ikkje vanleg.

Skiljet går mellom den reine fiksjonen - der lesaren blir plassert inn i ei anna tid og må oppleve den tida, ukommentert, forstå den med sine eigne forkunnskapar og sansingar - og ei blandingsform der lesaren i tillegg til fiksjonshistoria får vere med inn i arbeidet til forfattaren: kjeldegranskinga, dei historiske hola som blir fylte, spekulasjonar og grubling, litterære grep og det detektivliknande arbeidet i arkiv og bibliotek. Og i tillegg får lesaren gjerne ein del av forfattaren si personlege historie, som ein reknar med er relativt sannferdig.

Men så til det som fekk meg til å skrive dette innlegget, og stille meg spørsmålet: Må forfattaren skrive seg sjølv inn i fiksjonen for at han skal vere litterært interessant i vår tid? Og gjeld dette spesielt for den historiske romanen? I så fall: korfor?

Eg siterer frå Norsk bokpodkasting 12.11.2015:
Knut Hoem: «Og så er det kanskje klokt av den historiske romanen nå å ha en forteller som er litt sånn kroppslig, fysisk til stede i boken, altså i stedet for at vi bare liksom skal settes inn i en slags førkristen tid og så være der helt sånn med vanntette skott mot verden rundt.»

Anne Cathrine Straume: «Ja, for da belyser jo nettopp han, tenker jeg, det problemet at vi står jo her langt unna, dette skjedde da, men hva vet vi egentlig (...)»

Ja, kva veit vi eigentleg? Som historikar kan eg gi eit svært konkret svar på dette spørsmålet. Ofte veit vi svært lite, berre stykkevis og delt, og jo lenger tilbake vi kjem i tida og historia, jo meir usikre blir kjeldene og kjeldene sitt opphav. Er dette ei originalkjelde frå år 200 eller ei avskrift frå eit kloster tre hundre år seinare? Og har munken endra noko medan han transkriberte?

Som både historikar og forfattar er eg godt kjend med og også glad i kjeldegranskinga, dette langsame detektivarbeidet som fører meg både på rett spor og på villspor, anten eg skriv sakprosa eller skjønnlitteratur. Eg er blitt spurt om eg ikkje vil skrive ein roman med eit slikt metanivå, der fiksjonen blir broten ved at eg - forfattaren - stig fram i teksten og tek lesaren med meg inn i kjeldearbeidet, inn i konstruksjonen av fiksjonen, inn i dei vurderingane som blir gjort, og kanskje også inn i mitt eige liv.

Det er jo veldig in med sjølvbiografi om dagen. Forfattarar skriv sine eigne liv. Forfattarar skriv seg sjølve inn romanar; skriv metalittære romanar, skriv lett forkledde sjølvbiografiske romanar. Lesaren får møte forfattaren som skriv romanen lesaren les. Eg kan like dette godt sjølv, som lesar, dei gongene det funkar.

Men som forfattar har eg hatt sterk motstand mot å gjere dette. For meg er kjeldearbeidet noko kvardagsleg, noko som må gjerast, noko som kan fylle meg med både sterk uvilje og intens glede. Er det interessant nok for ein lesar? Må eg dikte det interessant for at det skal bli det, litterært sett? Og kva med mi eiga historie, mitt eige liv: vil eg dele det med lesarane? Er det rom eg ønskjer å opne? Er det noko i mitt liv som vil vere interessant for andre å lese? I så fall: korfor?

Og kva vil eg med bøkene mine? Er eg villig til å bryte fiksjonen? Eller er det nettopp illusjonen om å reise i tid eg vil kome til med bøkene mine; kjensla av å ha skrudd på ein brytar og brått finne seg sjølv i ei sølete Trondheimsveite i 1749, og få bli der så lenge ein vil, utan å måtte bli riven ut av det av ein brysam, metalitterær forfattar?

Men det er jo ikkje heilt in å dikte lenger. Fleire forfattarar uttalar at fiksjon er blitt uinteressant for dei, berre ekte, levd liv er interessant å skrive om. Dag Solstad leverte for to år sidan den mykje omtalte romanen Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896, der han nekta å dikte seg inn i eller rundt dei historiske slektskjeldene sine, men heller fann førebiletet sitt i arkivstudien til Espen Søbye, der kjeldene blir presenterte i stor grad ukommenterte og iallfall ikkje dikta vidare på eller i større grad forklart, om eg har forstått rett. Som historikar ser eg appellen i denne puristiske metoden, men som skjønnlitterær forfattar og -lesar ser eg at dette kan bli tungt for dei fleste.

Kanskje er det berre eg som nektar å følgje tida. Som er antikvarisk, historisk, i tenke- og skrivemåte. Kanskje er eg det i mange kritikarar sine auge. Og kanskje endrar eg syn ein dag, om eg verkeleg får ein god idé. Men kva synest lesarane eigentleg om metaromanen? Og må alle verkeleg gjere det same, til same tid? 

Ingen kommentarer: