27. desember 2015

Mitt 2015

Det er den tida på året der ein ser seg tilbake og tenker over kva dei siste tolv månadane har brakt med seg. Her inne er det naturleg å fokusere på det som har med litteraturen å gjere, med forfattaryrket, bøkene, skrivinga - og lesinga.

I 2015 har eg vore så heldig å få vere min eigen sjef. Første del av året gjekk med til ein del turnéverksemd, både rundt om i Noreg og ein svipp til Færøyane, noko som var ei stor oppleving, både fagleg og menneskeleg. Vakre øyer i havet med gjestfrie folk. Eg vil tilrå alle å ta turen dit ein grøn sommarmånad ein gong i livet.

I juni fekk eg eit raust stipend frå NFF for å skrive sakprosa for barn om hekseprosessane, så hausten har i stor grad gått med til det, i tillegg til den sedvanlege romanskrivinga som eg ikkje klarer å legge vekk, same kor mykje eg prøver.
Eg kan ikkje understreke nok kor viktige desse stipenda er for oss som har skapande yrke. Dei gir oss høve til å fordjupe oss og ha skrivinga (eller anna kunstnarleg arbeid) meir eller mindre som heiltidsgeskjeft. Det tek tid å bygge ein forfattarskap. Ti-femten år, om ein skal tru Ingvar Ambjørnsen. Ikkje alle får det til på den tida, heller.

Min førre roman for vaksne, Finne ly, fekk Bokbloggerprisen for beste roman 2014, noko som var veldig gøy. Medan den førre ungdomsromanen min, Inn i elden, har kome ut både på fransk og dansk i løpet av dei siste månadane. I Frankrike blei romanen nominert til beste ungdomsbok og har fått gode omtalar i fleire bloggar, magasin og nettstader. I Danmark kom boka ut rett før jul, så der må tida vise korleis mottakinga blir. 

Før året er omme reknar eg med å ha 'lystlese' 54 bøker, det meste av det skjønnlitteratur for vaksne. I tillegg kjem lesinga som er knytt til arbeidet, både eigen research til artiklar og bøker, og sakprosabøkene eg har lese i år fordi eg sit i språkprisjuryen til Språkrådet. Eit veldig lærerikt og spennande arbeid.

Eg lagar framleis liste over bøkene eg les, og ei opptelling viser at eg har lese heile 30 romanar for vaksne i år. 40 av bøkene eg har lese er skrivne av kvinner og altså berre 14 av menn.
43 av bøkene er skrivne av norske forfattarar, dei aller fleste er samtidsromanar. Eg har også lese noko sakprosa, noveller, barne- og ungdomsbøker, nokre krimbøker og eit par diktsamlingar. Fire av bøkene er danske (tre av dei er skrivne av Helle Helle), to britiske, to amerikanske, ei svensk og ei grønlandsk.

Men i all hovudsak har eg dette året lese norsk samtidslitteratur skriven av kvinner. Grunnen til at eg les så mange norske samtidsromanar er fordi eg vil orientere meg om kva som rører seg i den norske bokheimen for tida. Eg vil rett og slett vite what all the fuzz is about. Eg les naturlegvis også mange eg kjenner, og nokre eg ikkje kjenner, men føler eg burde kjenne - iallfall som forfattarar.

Om eg skal trekke fram nokre bøker som har treft meg ekstra sterkt dette året, må eg nemne Neiden 1970 av Ingeborg Arvola, I kjølvannet av Per Petterson og Bare et menneske av Kristine Næss. Men det har jamt over vore eit godt leseår.

På nattbordet og lesebrettet ligg det i skrivande stund fem bøker, men eg reknar ikkje med å bli ferdig med meir enn ei av dei desse siste få dagane av det gamle året. Dei andre får eg drage med meg inn i det nye. Som eg håper skal bli eit år med mykje god skriving og lesing!

Godt nytt bokår, alle saman!

Ingen kommentarer: