8. mai 2016

E eller p?

Eg veit ikkje heilt kva som har skjedd.
For nokre år sidan var eg heilag overtydd om at eg aldri ville føretrekke e-bøker framfor gode, gammaldagse bøker av papir. Men når eg for moro skuld tok ei opptelling over kor mange e- og p-bøker (som eg heller aldri trudde eg ville kalle det) eg har lese ferdig så langt i år, viser det seg at 9 av 12 har vore elektroniske, medan eg i fjor las 12 av 54 bøker elektronisk.
På nattbordet ligg det i tillegg ein bunke med halvlesne papirbøker, som det av ein eller grunn tek lenger tid å kome gjennom. Eg har ein mistanke om at det er sjølve mediet som gjer det, akkurat no synest eg rett og slett det er meir lettvint å lese elektronisk - og sidan eg alltid har med mobilen, gjer det også at eg har bøker med meg overalt og kan lese når og kor som helst.

E-bøkene eg har lese både i år og i fjor har med få unnatak vore heilt nye, norske (stort sett skjønnlitterære) bøker lånt frå eBokBib.no til iPad og mobil. Eg har også brukt eBokBib til å snuse på ei mengd andre titlar eg har enda med å ikkje lese ferdig.
Det er blitt veldig lett å låne seg ei ny bok når ein får innfallet eller trongen, og like lett å kvitte seg med boka ved å velje 'Innlever' dersom ho ikkje fenger - alt utan å trenge å bevege seg ut av huset - eller eingong ut av sofaen. Og det er blitt veldig lett å få tak i splitter nye bøker nesten med det same dei kjem ut, iallfall om dei ikkje er ekstremt populære. I så fall kan ein måtte stå nokre veker eller månader på venteliste, men det er jo også heilt greitt, for plutseleg poppar boka opp i appen.

Eg har altså måtta ete hatten min og innsjå at eg liker ganske godt å lese e-bøker. Det er lett å bla til neste side, ein kan stille lysstyrke, bakgrunnsfarge, skriftstorleik og font, ein kan ligge i alle tenkelege stillingar og aldri trenge å balansere boka eller tenke på korleis lyset frå leselampen treff boksidene. Og ein har tilgang til ei nærast ufatteleg mengd bøker på ein til samanlikning ufatteleg lett, liten dings.
No har eg også for første gong kjøpt to e-bøker, til Kindle'n til sambuaren min.
Men det er ikkje kva som helst slags bøker eg kjøper som e-bok. Også her viser eg same habitus som den gjengse nordmann: eg låner gjerne e-bøker, fordi det er praktisk og lettvint, men om eg vil eige ei bok, kjøper eg henne helst på papir.

Det var i fjor eg byrja e-boklesinga mi for alvor, fordi eg fekk låne ein iPad som eg raskt lasta ned ebokbib.no på. Ei av dei første bøkene eg las som e-bok var Bare et menneske av Kristine Næss. Den blei eg så begeistra over at eg seinare kjøpte henne på papir, fordi eg ville ha henne i hylla. Det same kjem eg nok til å gjere med De urolige av Linn Ullmann og sikkert eit par andre titlar, også.

Eg trur ikkje eg kjem til å slutte å lese eller kjøpe bøker trykt på godt, gammaldags papir og innbunde med fint omslag, men eg kjem nok til å fortsetje e-boklesinga mi. Særleg viss ein etter kvart kan få låne bøker frå eBokBib til eit skikkeleg godt lesebrett av Kindle-kvalitet.

1 kommentar:

aariho sa...

Interessant å lese om korleis vanane skiftar. Eg hadde heller ikkje tenkt at e-bøker skulle vere noko for meg, men no er eBokBib blitt eit godt alternativ når eg er ute og reiser, noko eg ofte gjer. Og sist veke la eg inn Storytel på telefonen min også, da eg hadde operert augo og ikkje fekk lese på et par dagar. Og utan bok går det jo ikkje an å leve! Men papirboka er der også, i stor grad, og den vil eg aldri kvitte meg med.