2. august 2017

Lesesommar

Ein passeleg lat sommar blir fort ein skikkeleg lesesommar. Særleg om ein får litt tid på ei solseng. 

Eg byrja min lesesommar med den amerikanske brakdebutanten Emma Cline og hennar roman The Girls, som er sterkt inspirert av historia om Manson-familien; sekta av unge jenter som omkrinsa den karismatiske wannabe-musikaren Charles Manson, som fôra dei med rikeleg LSD og fekk dei til å tru han var den utvalde, Messias, menneskesonen - 'man son'. 
Manson leidde jentene på ville vegar til det enda med drap - det mest kjende var drapet på Sharon Tate - den gravide kona til filmskaparen Roman Polanski - og venner av ekteparet, seinsommaren 1969.

I The Girls møter vi fjorten år gamle Evie, som blir dregen inn i sekta rundt Russell Hadrick sommaren 1969 via den vakre Suzanne. Evie har skilte foreldre; ei mor som prøver å finne seg sjølv ved hjelp av yoga, vegetarisk mat og menn, og ein far som har vore utru og flytta saman med den unge sekretæren sin. Då Evie blir uvenner med bestevenninna si står ho brått åleine og kjedar seg frykteleg. Heilt til ho møter Suzanne. 

Boka blei lesen på både solsenger og i vanlege senger og eg då eg var ferdig kjende eg meg litt skuffa over meg sjølv for at eg ikkje hadde spart henne til strandferien, for det var ei perfekt bok under sydensola, med eller utan parasoll. 

På stranda og ved bassenget las eg i staden nokre andre bøker, mellom andre Merkelig vær i Tokyo av Hiromi Kawakami - som var ei ganske merkeleg bok til å byrje med, og Wide Sargasso Sea av Jean Rhys, som er ein pastisj over Jane Eyre

Merkelig vær i Tokyo handlar om 38 år gamle Tsukiko, som er singel og barnlaus og møter på sin gamle lærar på den lokale yndlingssjappa, over rikeleg med øl og sake og ikkje minst kortreist og sesongbasert mat, som flygefisksashimi, kald eller varm tofu (alt etter om det er vinter eller sommar) og sopp. 
Ho hugsar ikkje namnet hans, så ho kallar han berre Sensei (som betyr lærar), og forholdet deira utviklar seg frå drikkekameratar til noko som liknar eit vennskap, men kva er det eigentleg - og vil det bli noko meir mellom dei? 
Boka var forfattarens gjennombrot internasjonalt og ho er visstnok svært populær i heimlandet Japan. For min del var romanen eit ledd i ei relativt ny interesse for asiatisk litteratur, som byrja med den japanske kortromanen Pupper og egg av Mieko Kawakami og fortsette med sør-koreanske Ta vare på mamma av Shin Kyong-sook, begge kvinnelege forfattarar. Sistnemnde skal forresten kome med ny bok omsett til norsk i haust, Jenta som skrev ensomhet, som eg også kjem til å lese. 

Wide Sargasso Sea har eg blitt tilrådd frå fleire hald i nokre år. Boka er skriven som ein forløper til Charlotte Bröntes Jane Eyre og er ein postkolonialistisk roman frå slutten av 1960-talet, skriven av den kvite, karibiske forfattaren Jean Rhys, som fekk eit comeback med denne boka då ho sjølv var i syttiåra. 
Romanen handlar om 'den gale kvinna på loftet' til Mr. Rochester, som Jane Eyre kjem i teneste hos og forelskar seg i. I Wide Sargasso får denne kvinna si eiga historie og forfattaren gjer henne til kreol og dotter av tidlegare slaveeigarar på Jamaica. 

Boka tematiserer både forholdet kvit - svart, som også er prega av rasisme frå dei svarte mot dei kvite, mellom 'høg' og 'låg' og forsøker å seie noko om kva galskap er eller kan vere.
Boka er interessant både som ein historisk og kulturhistorisk roman og Rhys forklarer ikkje unødig, men integrerer lokale skikkar, mentalitet, religion, språk og historiske tekstar på ein fin og saumlaus måte.
Slutten var det som løfta boka for min del, då vi får bli med opp på loftet i England der den gale kvinna er blitt innesperra av ektemannen og forteljinga møter førelegget sitt i Jane Eyre
Det er ei tynn bok, også - berre rundt 150 sider. På norsk har ho fått namnet Vide Sargasso

Ingen kommentarer: