16. september 2017

Arbeidshaust

Frå teaterstykket Begynnelser av Carl Frode Tiller
Det er haust, men det er ikkje så mykje tid å hausta inn for min del, som det er tid for å dyrke og så.
Som mange andre haustar er også denne travel, med skriving, lesing og ein del reising for å halde føredrag, delta på festivalar og besøke skuleklasser.

Så langt har eg vore på Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå for å snakke om hundreåringen Markens grøde (Knut Hamsun) og bli bokbada, og hatt 'heksejakt' for 5. klassingar på barnebokfestivalen Appelsinia i Skien, der eg også var med på prosalong om litteratur i norskfaget. 26. og 27. september skal eg halde føredrag om å utforske historia på Sola og Klepp, så blir det turné med den kulturelle skulesekken i Vestfold, før eg held føredrag på arkivdagen i Ålesund 4. november og reiser rett vidare til Stord der eg skal delta på årets Falturiltu-festival, med Per Olav Kaldestad som festivaldiktar og mange fine folk på programmet.

Eg arbeider også med å skrive ferdig andreutkast av ein ny roman for vaksne som eg har pusla med ei stund, og skrive adventskalender for barn om tunkatten Lurivar, til publisering på tunkatten.no i desember.
I tillegg kjem styrevervet i Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU), som fyller 70 år i år, og arbeidet i språkprisjuryen til Språkrådet, der vi i år ser etter framifrå bruk av nynorsk i sakprosa frå dei siste fem åra. Prisen er på 100 000 kr og blir delt ut om kvelden 15. november på Litteraturhuset i Oslo. Der vil det også bli paneldebatt og intervju med vinnaren, så hald av datoen om du er interessert i god, ny og nynorsk sakprosa!

Som vanleg har eg også kasta meg over bokhausten og dei nye bøkene. I går kjøpte eg den nye romanen til Carl Frode Tiller, Begynnelser, som eg har sett fram til å lese, både fordi eg følgjer Tillers forfattarskap med stor glede og fordi eg likte teaterstykket med same tittel som eg såg på Trøndelag teater i fjor. Eg gler meg også til nye romanar frå Mette Karlsvik og Olaug Nilssen, for å nemne nokre.
Den beste boka eg har lese så langt i haust er forresten ein roman frå i fjor, For øvrig mener jeg Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen. Anbefalast!

Ingen kommentarer: