3. januar 2018

Leseåret 2017

Rådet mange forfattarar gir til dei som vil skrive betre og kanskje sjølve bli forfattarar ein dag, er å lese mykje. Eg kan legge til at det er lurt å ikkje berre lese hundre år gamle klassikarar eller omsett underhaldningslitteratur, dersom det ikkje er i desse stiltonane eller i den breie underhaldningssjangeren du sjølv vil skrive. 
Les meir variert, les ny, gjerne norsk og nordisk litteratur og orienter deg i kva som føregår i den litteraturen som blir skapt i dag, så veit du kva du har å konkurrere med når du prøver å kome deg gjennom nålauget og få utgitt boka di på eit skikkeleg forlag. 

I åra før eg sjølv fekk utgitt mi første bok las eg, som alltid, mykje, men eg las ikkje breitt nok. Eg las etter lystprinsippet og eg las flest bøker som anten var gamle klassikarar, underhaldningslitteratur eller lette romanar massive reklamekampanjar frå forlag og bokhandlar fekk lurt meg til å kjøpe. 
Eg las lite av det eg sjølv hadde lyst til å skrive, i eit slikt språk eg sjølv streva etter, bøker som var relevante for mi eiga skriving og som gav meg noko å strekke meg etter. Eg las for lite kvalitetslitteratur. Og eg visste for lite om kva som var blitt gjort hundre gonger før meg og kva som kunne verke nyskapande i den norske bokheimen. 

Kanskje er det difor eg i dag les så mykje av den kvalitetslitteraturen som blir skapt i Noreg, Norden og til dels Europa i dag, med nokre avstikkarar til andre verdsdelar; fordi eg vil vite kva mine eigne bøker må konkurrere med, kva slags språk, kva slags form og innhald, kva slags kvalitetsnivå. 
Til dette høyrer også å orientere meg i dei bøkene som blir særleg populære eit år, som blir trekt fram som særleg viktige, gode, som stikk av med gjæve prisar, som får mykje blest og gode kritikkar, men ikkje naudsynleg dei største reklameplakatane, då den litteraturen ikkje er den viktige for meg. 

Leseåret 2017 blei dermed, som året og åra før, prega av mykje ny, norsk prosa og aller mest romanar, nokre utanlandske bøker som har fått særleg gode kritikkar i dei kulturavisene eg har tillit til, nokre bøker eg har lese i ymse arbeidssamanheng, eit par klassikarar og nokre bøker berre for underhaldninga sin del. 
Heile 61 bøker rakk eg over; nokre tjukke romanar det tok (altfor) lang tid å lese, nokre tynne, fine barnebøker, noko medrivande sakprosa og veldig mange norske romanar utgitt i 2016 og 2017, av varierande kvalitet. 
Av desse var omtrent halvparten lese anten heilt eller delvis som e-bok, lånt på eBokBib, som eg er bruker mykje. Ofte kjøper eg ei papirbok og låner henne som e-bok samtidig, slik at eg kan fortsetje lesinga same kor eg måtte befinne meg, på eit hotellrom, på ein flyplass eller heime i mi eiga seng. 

Dei bøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg har eg skrive noko om anten her, på twitter eller instagram, men ei bok eg gløymde å skrive om her på bloggen og som eg likte veldig godt, var ei bok om Berlin, skriven av ein berlinforfattar og lesen ferdig medan eg sjølv var i Berlin i juni; ei bok som på norsk har fått tittelen Går, gikk, har gått, av forfattaren Jenny Erpenbeck. 

Hovudpersonen i boka er den pensjonerte professoren og nyslåtte enkemannen Rickard, som byrjar engasjere seg i og bli kjend med nokre afrikanske asylsøkarar som har bygd opp ein teltleir på Oranienplatz i Kreuzberg, Berlin. Konflikta er bygd på faktiske hendingar og forfattaren har sjølv intervjua mange av asylsøkarane som freista få opphald i Tyskland i åra 2012-14, mange av dei hadde kome over Middelhavet i båt til Lampedusa i Italia. 

Før eg byrja lese var eg redd romanen ville vere altfor politisk korrekt, at den etiske bodskapen ville overskugge det litterære, men slik blei det ikkje. Tvert om er det ein varm og interessant roman, som også er eit portrett av dagens Berlin og kastar lys over det tidlegare DDR, som både hovudpersonen og forfattaren voks opp i - og som eg har vore svært interessert i å vite meir om i fleire år. 
Om du også er interessert i Berlin og DDR kan eg forresten også anbefale sakprosaboka Berlinhistorier av Astrid Sverresdotter Dybvik. 

Andre bøker eg vil trekke fram som høgdepunkt i leseåret 2017 er Leiligheten av debutanten Nora Szentiványi, Forøvrig mener jeg Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen og Begynnelser av Carl Frode Tiller, blant mange gode bøker, for mange til å nemne her. 

Godt nytt leseår!

Ingen kommentarer: