2. mars 2018

Kvinnekamp i skjønnlitteraturen

I går gjekk eit svært interessant arrangement av stabelen på Nasjonalbiblioteket i Oslo, Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet. 
Arrangementet er kome til  i samband med ei ny utstilling NB har laga, med tittelen Kvinnekamp. Spor etter en bevegelse, 1970-1980, der m.a. bøker av forfattarane Liv Køltzow, Gerd Brantenberg, Tove Nilsen og Kari Bøge er utstilte. Og det var nettopp desse fire forfattarane som blei intervjua på scena i går av Kaja S. Mollerin.

Sidan Oslo er invadert av sibirkulde om dagen og eg oppdaga at Nasjonalbiblioteket strøymde arrangementet på nettsidene sine, blei eg heime i sofaen og såg det heile på min eigen tv-skjerm. Og det angrar eg ikkje på at eg gjorde!

Eg har hatt eit leseprosjekt gåande ei stund, der eg har sett meg føre å finne ut kva denne utskjelte såkalla 'kvinnelitteraturen' på 70-talet eigentleg var for noko, og har så langt lese bøker av Bjørg Vik, Liv Køltzow og Toril Brekke, som til dels har gitt meg svar på spørsmålet. Eg har tidlegare også lese Gerd Brantenberg og Ebba Haslund, men eg er ikkje enno gått lei.
Og etter å ha høyrt desse fire, flotte forfattarane fortelje om nokre av sine bøker, har eg endå nokre nye titlar på leselista mi.

Liv Køltzow snakka om Historien om Eli, som eg enno ikkje har lese, men må lese no.
Ei bok som tematiserer den unge kvinna som er fanga i ekteskapet, som vil gjere noko anna, vere fri, arbeide som kunstnar, men ikkje har motet til å bryte ut av verken ekteskapet eller kvinnerolla ho er fanga i.
Køltzow sjølv kalla henne ei anti-heltinne, ei som ikkje hadde mot til å stå på barrikadane.

Gerd Brantenberg snakka ikkje - iallfall ikkje hovudsakleg - om Egalias døtre, som gjorde sterkt og ubehageleg inntrykk på meg då eg las boka i studietida, men om Opp alle jordens homofile, som blei eit form for kampskrift for homofile på 70-talet, sjølv om boka knapt fanst i ein einaste bokhandel - men kanskje kunne bli henta opp frå kjellaren dersom du spurde etter den.
Det var elles interessant å høyre korleis ho fekk ideen til Egalias døtre, ved at ein ukjend, ung mann som kom mot henne på gata, kneip henne i puppen og sa: Har du sånne, då? 
Rasande reiste ho heim og byrja skrive om eit samfunn der alt var motsett, der kvinner gjorde mot menn det denne unge mannen hadde gjort mot henne, og kjønnsrollene var snudd på hovudet.
Og mor hennar elska ideen.

Tove Nilsen var ein pur ung og rasande forfattar då ho skreiv Aldri la dem kle deg forsvarsløst naken, som blei eit innlegg i abortdebatten fleire år før sjølvbestemt abort blei vedteke ved lov i 1978.
17 år gamle Tonje i boka er livredd for å bli gravid, for kva skal ho gjere med den uønskte ungen når ho ikkje har rett til å bestemme over sin eigen kropp og menn sit i nemnder og bestemmer, og forkler makt som moral?

Kari Bøge kjenner eg best som ungdomsbokforfattar, sidan ho skreiv ei av mine absolutte yndlingsbøker som tenåring, nemleg Speilet fanger om den unge jenta Pia som prøver å finne ut kven og kva ho vil vere det siste året på ungdomsskulen - ei bok eg las om att og om att i tenåra.
I går snakka ho derimot om Viviann, hvit, om Viviann som blir gravid og føler seg framandgjort ved det, som fryktar morsrolla og tapet av fridom.
Bøge sa at ho skreiv Viviann slik ho ville skrive fram ein mann som blei overteken av dei kreftene graviditeten, fødselen og morsrolla har i seg, og korleis han ville reagert på å bli frårøva fridomen sin på same måten som ei kvinne blei det - iallfall på 1970-talet.
For det er vel annleis i dag, er det ikkje? 

Eg sit att med ei stor leselyst og ein trong til å fordjupe meg endå meir i denne litteraturen, som eg finn interessant både som lesar, forfattar og historikar.
Eg har frå før skaffa meg 70-talsromanane til Cecilie Løveid, som også er representert i Nasjonalbiblioteket si utstilling med romanen Sug frå 1979. Ein annan forfattar som er aktuell i denne samanhengen er Eldrid Lunden, som ofte blir trekt fram av dei som var unge 1970-talet og som engasjerte seg i det såkalla kvinnespørsmålet. 

Takk til alle dei som har gått før oss, som har stått på barrikadane for likestilling, likeløn, sjølvbestemt abort, barnehageutbygging og permisjonsordningar, og som har kjempa for at kvinner faktisk skal kunne bli det dei vil, nettopp slik foreldra til Tove Nilsen sa til henne at ho kunne då ho var ung, men som ho visste inni seg at ikkje var sant.
Men no er det sant. Er det ikkje?
Eller har vi framleis ein veg å gå før vi er der vi vil vere?

Ingen kommentarer: